Hopp til innhold
X
Innhald

Spesialisthelsetenester

Spesialisthelsetenester, område som etter «lov om spesialisthelsetjenesten» av 1999 omfattar sjukehustenester, medisinske laboratorietenester og radiologiske tenester, akuttmedisinsk beredskap, medisinsk naudmeldeteneste, luftambulanseteneste og ambulanseteneste med bil, og spesialisert behandling for rusmiddelmisbruk, medrekna institusjonsplassar som kan ta imot rusmiddelmisbrukarar. Det er dei regionale helseføretaka og dei andre helseføretaka som har hovudansvaret for å tilby spesialisthelsetenester.
Peikarar

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 25.06.2012