Hopp til innhold
X
Innhald

Statens naturskadefond

Statens naturskadefond, fond som er regulert i naturskadelova av 1994. Midlane i fondet er løyvde av Stortinget. Det skal bli brukt til å yte erstatning ved naturskade og fremje og gi tilskot til sikring mot slik skade.
Som naturskade reknar ein skade som direkte skuldast naturulukker som skred, storm, flaum, storflaum, jordskjelv, vulkanutbrot e.l., men det blir ikkje gitt erstatning for skade som først og fremst skuldast lyn, frost eller tørke, og som hovudregel heller ikkje skade som først og fremst skuldast nedbør eller isgang.
Heller ikkje blir skade som skuldast dyr, insekt, bakteriar, sopp e.l. erstatta, og normalt ikkje skade på avling på rot, på skip, småbåtar, luftfartøy, fiskereiskapar, fisk i steng, lås eller dam, antenner, skilt, utstyr til utvinning av olje og gass m.m. på havbotnen, eller kontantar og verdipapir.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012