Hopp til innhold

Stemmerett

Stemmerett, rett til å stemme ved val av representantar til nasjonalforsamling, fylkesting og kommunestyre, forutan ved folkeavstemmingar.

Stemmerett, rett til å stemme ved val av representantar til nasjonalforsamling, fylkesting og kommunestyre, forutan ved folkeavstemmingar. I enkelte land er stemmeretten kombinert med stemmeplikt. Styreformer som er baserte på stemmerett er kjende heilt frå antikken, men har særleg fått stor utbreiing i tida etter den franske revolusjonen (1789). Opphavleg var stemmeretten sterkt avgrensa, som regel til menn med relativt høg alder, ei viss minsteinntekt, eit visst yrke eller fast eigedom (censussystemet).

I Noreg er stemmeretten ved stortingsval regulert i Grunnlova § 50. Opphavleg var han avgrensa til embetsmenn, sjølveigande bønder og handelsborgarar. I 1884 vart han utvida til å omfatte alle menn med ei viss minsteinntekt. Alminneleg stemmerett for menn vart innført i 1898. Kvinner med ei viss minsteinntekt fekk stemmerett i 1907 og alminneleg stemmerett i 1913. Ved lokale val har stemmerettsutvidinga gått noko raskare. Ein avgrensa stemmerett for kvinner ved kommuneval vart innført i 1901 og alminneleg stemmerett i 1910.

Sidan 1983 har den kommunale stemmeretten også omfatta utanlandske statsborgarar som har vore busette i riket dei tre siste åra før valdagen, og som elles innfrir dei vilkåra som gjeld for norske statsborgarar. Stemmerettsalderen var opphavleg 25 år, men i 1920 vart han senka til 23 år, i 1946 til 21 år, i 1967 til 20 år og i 1978 til 18 år.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 25.08.2015