Hopp til innhold
X
Innhald

Stranding og vrak

Sstranding og vrak, saksområde som er omhandla i lov av 1893 om stranding og vrak. Lova tek opp dei forholdsreglane som ein må ta når eit skip strandar eller er i ferd med å strande.
Lensmannen i distriktet skal sørgje for pleie av dei skipbrotne og ordne berginga av gods dersom ikkje eigarane er til stades. Før lensmannen kjem, skal dei som er til stades etter beste evne gi hjelp til skipbrotne eller bidra til berginga av godset. For bergeløn, sjå berging.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012