Hopp til innhold
X
Innhald

Tannhelsetenesta

Tannhelsetenesta, område innanfor helsetenestene som vart innført ved lov av 1983 som avløyste den tidlegare lova om folketannrøkt av 1949. Det ligg til fylkeskommunen å fremje tannhelsa i folkesetnaden og sørgje for nødvendig førebygging og behandling.
Den offentlege tannhelsetenesta skal gi eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til a) barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år, b) psykisk utviklingshemma, c) grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie, d) ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret og e) andre grupper som det er gjort vedtak om i godkjend plan. Helsedepartementet fastset eigendelar og takstar. Fylkeskommunen tilset fylkestannlege og ein distriktstannlege i kvart tannhelsedistrikt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012