Hopp til innhold
X
Innhald

Tenestetvistlova

Tenestetvistlova (eigentleg «lov om offentlige tjenestetvister»), lov av 1958 som gjeld for tenestemenn i staten, og som inneheld reglar om forhandlingsrett, tariffavtalar, mekling, avtalebrot og arbeidsstopp. Reglane er stort sett dei same som dei som gjeld i arbeidslivet elles, men enkelte særreglar er innførte, spesielt med omsyn til forhandlingsrett og tvungen skilsdom i visse interessetvistar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012