Hopp til innhold
X
Innhald

Trykkjefridom

Trykkjefridom, retten til fritt, utan førehandskontroll frå noka offentleg styresmakt, å offentleggjere tankane sine i trykt skrift. Kravet om trykkjefridom fekk ein viktig plass blant ideane frå opplysningstida. Det vart teke opp i den franske menneskerettsfråsegna av 1789 og er seinare innarbeidd i dei fleste demokratiske forfatningane og i menneskerettskonvensjonar. I Noreg er trykkjefridomen slått fast i Grunnlova § 100.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012