Hopp til innhold
X
Innhald

Uførleik

Uførleik, tilstand som gjennom folketrygda gir attføringshjelp, grunn- og hjelpestønad og uførepensjon. Ein skal forsøkje å hjelpe den trygda til å klare seg sjølv ved eige arbeid før uførepensjon blir gitt.
Uførepensjon blir gitt etter visse reglar til personar mellom 16 og 67 år, og full uførleik skal i prinsippet svare til den alderspensjonen vedkomande ville ha fått om han/ho hadde halde fram med å arbeide fram til pensjonsalderen. Dette blir oppnådd ved at det blir teke omsyn til framtidig trygdetid og pensjonspoeng ved utrekninga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012