Hopp til innhold
X
Innhald

Unntakstilstand

Unntakstilstand, forfatningsreglar i mange land som gir regjeringa i landet rett til å innføre unntakstilstand når den ytre eller indre tryggleiken i riket er truga som følgje av krig, opprør eller andre ekstraordinære forhold. Unntakstilstand fører til at regjeringa får fullmakt til å gjere vedtak i strid med dei lovene eller den forfatninga som gjeld. Sjå elles beredskapslovene.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 25.06.2012