Hopp til innhold
X
Innhald

Våpenlova

Våpenlova, lov av 1961 som gir reglar om mellom anna retten til å ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, og om tilverking, innførsel eller utførsel av og handel med dette. Den som eig eller vil kjøpe eller skaffe seg skytevåpen eller våpendelar, må normalt vere fylt 18 år og ha løyve frå politimeisteren («våpenkort»). Tilverking, inn- og utførsel av eller handel med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon kan berre skje etter offentleg løyve eller tillating.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 25.06.2012