Hopp til innhold

Verneplikt

Verneplikt, den plikta statsborgarane i eit land har til å delta i forsvaret av landet sitt. Noreg innførte allmenn verneplikt frå 1.1.2015 og vart det første NATO-landet med kjønnsnøytral verneplikt.

I Noreg er allmenn verneplikt slått fast i Grunnlova § 109, og nærare reglar om innhaldet i verneplikta finst i vernepliktslova av 1953.

14. juni 2013 vedtok Stortinget å endre vernepliktslova. Lovendringa om kjønnsnøytral verneplikt tredde i kraft frå 1.1.2015, og det første kullet med vernepliktige kvinner vart kalla inn same året. 1997-årskullet var det første kullet omfatta av allmenn verneplikt. Forsvaret har som mål å ha 20 prosent kvinner innan 2020. I 2013 var 11 prosent av dei som fullførte førstegongsteneste kvinne, i 2015 hadde talet auka til 17 prosent.

galleri
Verneplikta byrjar det året ein fyller 19 år, og varer ut det året ein fyller 44 år. Berre menn hadde verneplikt i Noreg fram til Stortinget endra dette til også å omfatte kvinner, 14.6.2013. I krig eller når krig trugar, kan ein setje opp ei krigsforsterking som omfattar tenestedyktige menn opp til det året dei fyller 55 år.
Sjå video frå NRK Skole: «En dag i millitæret» (sendt 29.9.1996)

Alle vernepliktige er forplikta til å overta den tenestestillinga i Forsvaret som dei får ordre om, og utføre den tenesta som dei blir pålagde. Dei er også forplikta til å ta imot høgare grad og å gå gjennom nødvendig utdanning. Kvinneleg personell som gjer frivillig teneste, har mobiliserings- og tenesteplikt etter nærare reglar som er gitte av Kongen (med samtykkje frå Stortinget). Sjå også utskriving og sivil tenesteplikt.

Kjelder

Marie Melgård: «I dag innføres kjønnsnøytral verneplikt», aftenposten.no, publisert 14.6.2013: http://www.aftenposten.no/norge/politikk/I-dag-innfores-kjonnsnoytral-verneplikt-116701b.html#.Ubrc1_nDvSg [lesedato 14.6.13]

Regjeringen: «Allmenn verneplikt», sist oppdatert 4.11.2014: https://www.regjeringen.no/no/tema/forsvar/innsikt/allmenn-verneplikt/id2009109/ [lesedato 23.3.2017]

Statistikk frå Forsvaret: https://forsvaret.no/fakta/tall-og-statistikk [lesedato 14.6.13]

Frank Brundtland Steder og Maria Fleischer Fauske: Tiltak for å øke kvinneandelen i Forsvaret, rapport frå Forsvarets forskningsinstitutt (FFI), 23.8.2012: https://www.ffi.no/no/Rapporter/12-00903.pdf [lesedato 23.3.2017]

Peikarar

Forsvaret: «Jenter og verneplikt»

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 13.10.2017