Hopp til innhold
X
Innhald

Vrak

Vrak, havarert skip som har vorte så sterkt skadd at ein ikkje kan reparere det. Vrak som er over 100 år gamle, høyrer til staten når ein ikkje kan finne ut kven som er eigar. Staten kan fastsetje ei finnarløn, jf. lov om kulturminne av 1978. Omgrepet blir også brukt om andre typar totalskadde framkomstmiddel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 25.06.2012