Hopp til innhold
X
Innhald

Yrkesskadetrygd

Yrkesskadetrygd, stønad ved yrkesskade. Hovudprinsippet i folketrygdlova er at dei same formene for stønader kan kome til utbetaling ved yrkesskadar som elles, men ved yrkesskade blir det ofte lempa på vilkåra, og utbetalingane er som regel høgare. I tillegg kan yrkesskade gi rett til ein eigen stønad, yrkesskadeerstatning. Ein yrkesskade vil i tillegg ofte bli dekt av forsikringa til arbeidsgivaren, yrkesskadeforsikringa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 25.06.2012