Hopp til innhold
X
Innhald

Absalon Taranger

Absalon Taranger, 1858–1930, var jurist og kyrkjepolitikar. Han verka som professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo i åra 1898–1928, og frå 1904 var han også lærar i kyrkjerett ved Det praktisk-teologiske seminaret. Taranger arbeidde for å skilje kyrkje og stat, og han stifta i 1907 Kirkepartiet som hadde dette som program. Han gav også ut bøker om norsk rettshistorie og kyrkjerett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012