Faktaboks

Jens Haugland
Fødd
16. april 1910, Bjelland, Marnardal
Død
2. mai 1991, Marnardal
Verke
Jurist og politiker
Familie

Foreldre: Gårdbruker Nils Haugland (1879–1967) og Anna Mjaaland (1888–1981).

Gift 1945 med Edith Høie (3.7.1919–), datter av maskinsetter Bjarne Høie (f. 1894) og hustru Martha.

Jens Haugland

Foto 1970. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Jens Haugland
Av /NTB Scanpix ※.
Jens Haugland
Av /Stortingsarkivet.

Jens Haugland var ein norsk jurist, dommar og tidlegare statsråd for Arbeidarpartiet. Haugland var ein av få sentrale Ap-politikarar som markerte seg både mot norsk medlemskap i NATO og EEC, men som vart verande i partiet.

Bakgrunn

Han var utdanna cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1936. Haugland vart dommarfullmektig i Ryfylke i 1936. I 1943 opna han praksis som overrettssakførar i Kristiansand. Politiske verv fekk han tidleg både i partiet og i politikken elles. I Kristiansand var han medlem av bystyret i 1945–54. Han var stortingsrepresentant for Vest-Agder frå 1954 til 1973. I regjeringa til Einar Gerhardsen var han justisminister i 1955–63 og kommunal- og arbeidsminister i 1963–65. Haugland var ein leiande politikar i etterkrigstida, både i Vest-Agder og i statsstyringa. Han var både populær og omstridd. Frå 1968 til 1980 var han sorenskrivar i Setesdal, og frå 1980 var han bonde og privatpraktiserande advokat i Marnardal.

På venstresida i Arbeidarpartiet

Som statsråd fekk Haugland innblikk i «dei hemmelege tenestene» under den kalde krigen. Han stilte seg temmeleg kritisk då det kom avsløringar om desse tenestene etter påstandar om overvaking av norske borgarar. Seinare gav Lund-kommisjonen eit meir omfattande bilete av han.

Haugland nærma seg etter kvart politiske krefter i Arbeidarpartiet som var kritiske til utviklinga i NATO og tilhøvet til USA. Han markerte ei sterkare kritisk haldning til NATO.

Særleg var han kritisk til utviklinga i Hellas, der diktaturet tok over frå 1967, og der amerikansk etterretning hadde ei hand med. Haugland arbeidde for å isolere militærstyret i Hellas.

Då spørsmålet om norsk medlemskap i EEC kvesste seg til, vart Haugland ein av dei klaraste kritikarane i spørsmålet om medlemskap og stilte seg på linje med kampen mot EU-medlemskap frå 1970 og seinare.

Haugland var sterkt engasjert for det norske språket, som han dyrka og utvikla. I 1975–77 var han medlem av styret i Noregs Mållag.

I 1986 og i 1988 gav han ut to minnebøker om røynslene sine frå Stortinget, regjeringa og partiet: Dagbok frå Kongens råd og Dagbok frå Løvebakken. Det vekte ganske mykje oppsikt då bøkene kom med kvasse merknader og kritiske domar over politikken som var ført under Gerhardsen-regjeringane. Mildare var tonen i morobøkene han gav ut saman med advokaten Alf Nordhus.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jens Haugland: Dagbok frå Kongens råd. Oslo 1986
  • Jens Haugland: Dagbok frå Løvebakken. Oslo 1988
  • Jens Haugland og Alf Nordhus: Bølgjer i retten. Oslo 1989
  • Knut Einar Eriksen: «Jens Haugland», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001
  • Trond Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Oslo 1985

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg