Hopp til innhold
Marit Berger Røsland. Foto: Olav Heggø / Fotovisjon, kjelde: Regjeringa.
Marit Berger Røsland. Foto: Olav Heggø / Fotovisjon, kjelde: Regjeringa.
X
Innhald

Marit Berger Røsland

Marit Berger Røsland, jurist og politikar for Høgre, var den fjerde og hittil siste EU- og EØS-ministeren i Noreg.

Marit Berger Røsland er fødd 21. september 1978 i Fet i Akershus. Ho fullførte International Baccalaureate på Lillestrøm videregående skole i 1997. I 2006 blei ho cand.jur. ved Universitetet i Oslo.

Berger Røsland har vore politisk engasjert lenge. Berre i perioden 2006–14 har ho arbeidd utanfor politikken. Då var ho advokat i advokatfirmaet Wiersholm, der også tidlegare EU- og EØS-minister Vidar Helgesen har arbeidd. I 2010 var ho dommarfullmektig i Oslo tingrett.

Som skuleelev og student var Berger Røsland aktiv i Høgre. Som 19-åring blei ho medlem av Akershus fylkesting, for perioden 1997–2000. Ho gjekk rett frå dette vervet til eit eittårig engasjement som politisk sekretær for Oslo-ordførar Per Ditlev-Simonsen. I 2003–07 var ho igjen folkevald, som bystyremedlem i Oslo.

I 2000–02 var ho nestleiar i Unge Høgre, medan Ine Marie Eriksen Søreide var leiar. Frå 20. oktober 2017 arbeider Eriksen Søreide og Berger Røssland igjen tett i hop, då begge blei statsrådar i Utanriksdepartementet. Berger Røssland har ikkje vore statsråd tidlegare, men ho har erfaring frå regjeringsarbeid. I 2003–05 var ho politisk rådgivar for utanriksminister Jan Pettersen. I 2014 blei ho utnemnd til statssekretær for statsminister Erna Solberg. Frå 2015 var ho statssekretær for innvandrings- og integreringssaker i Justis- og beredskapsdepartementet. I 2016 blei ho statssekretær i Utanriksdepartementet og frå 20. oktober 2017 til 17. januar 2018 var ho statsråd for Europa- og EØS-saker i det same departementet.

Som EU- og EØS-minister hadde Berger Røsland ansvar for å følgje opp norske interesser vis-à-vis EU. Som følge av at Storbritannia melder seg ut av EU, argumenterte regjeringa Solberg for at det er særleg viktig å halde på ein eigen statsråd for dette området, for å sikre norske interesser i europapolitikken. Før ho blei statsråd, har Berger Røsland i liten grad markert seg i media, men har særleg arbeidd med flyktingstraumane til Europa og Noreg sine interesser i utlandet, og ho har nytt respekt internt i Høgre og regjeringa for arbeidet ho har gjort.

Kjelder

Hallvard Notaker: Høyres historie 1975–2005. Opprør og moderasjon. Oslo 2012

Pressemelding 20.10.2017: «Endringer i regjeringen», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/endringer-i-regjeringen/id2576271/?utm_source=www.regjeringen.no&utm_medium=rss&utm_campaign=Endringer%20i%20regjeringen [lesedato 20.10.2017]

Om Marit Berger Røssland på regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/dep/ud/org/pol_ledelse/bb_ledelse/mbr/id2512201/ [lesedato 20.10.2017]

Først publisert: 22.10.2017
Sist oppdatert: 21.09.2020