Hopp til innhold
Foto: Hans Jørgen Brun/ Regjeringa
Foto: Hans Jørgen Brun/ Regjeringa
X
Innhald

Monica Mæland

Monica Mæland, jurist og justis- og innvandringsminister for Høgre.

Monica Mæland er fødd 6. februar 1968 i Bergen i Hordaland og voks opp i Arendal i Aust-Agder. Ho gjekk på Arendal gymnas i 1984–87 og blei cand.jur. ved Universitetet i Bergen i 1994. I 1994 var ho EU-sekretær i Hordaland Høgre, og fram til 1999 arbeidde ho som advokatfullmektig med eigen praksis. Ho var kommunalråd i Bergen kommune i 2000–03 og byrådsleiar i 2003–13, før ho tok over som næringsminister i Noreg i Solberg-regjeringa i 2013. Frå 2018 var ho kommunal- og moderniseringsminister, og frå 2020 er ho justis- og innvandringsminister.

Mæland var leiar i Arendal Unge Høgre i 1984–85 og nestleiar i ungdomsorganisasjonen i Aust-Agder i 1986–87. Ho var 1. nestleiar i Hordaland Høgre i 1997–2002, fylkesleiar og medlem av sentralstyret i partiet i 2002–04 og frå 2010. Ho blei vald inn i bystyret i Bergen som representant for Høgre for perioden 1999–2003 og var nestleiar for bystyregruppa til partiet og kommunalråd. Ho var vararepresentant til Stortinget for Hordaland Høgre i 2001–05. Frå 2003 til 2013 var ho byrådsleiar i Bergen og hadde ansvaret for å rydde opp i den dårlege kommuneøkonomien i byen.

Mæland var ein byrådsleiar med mykje erfaring, handlekraft, integritet og arbeidskapasitet. Som næringsminister vil ho arbeide for å tryggje arbeidsplassar og skape nye.

Mæland var leiar av Kommunanes Sentralforbunds storbynettverk, styreleiar i Vest-Norges Brusselkontor AS i 2007–13 og styreleiar i Bergensalliansen i 2011–13.

Kjelder

Om Monica Mæland på regjeringa.nohttp://www.regjeringen.no/nn/dep/nhd/Om-departementet/narings--og-handelsminister.html?id=742948 [lesedato 20.10.2013]

Artikkel om Monica Mæland på snl.nohttp://snl.no/Monica_M%C3%A6land [lesedato 20.10.2013]

Om Monica Mæland på nettsidene til Høgre, hoyre.nohttps://hoyre.no/personprofiler/m/m/monica-maeland/ [lesedato 23.1.2019]

Peikarar

«– Monica Mæland trengs i regjeringen», ba.no

«– Mæland blir næringsminister», nrk.no

Først publisert: 21.01.2014
Sist oppdatert: 24.01.2020