Hopp til innhold
Portrett av Otto Sinding på eit visittkort som høyrde til Bjørnstjerne Bjørnson. Foto: Franz Neumayer.  Eigar: Nasjonalbiblioteket. Kjelde: Nasjonalbiblioteket, flickr.com. Ingen kjende restriksjonar.
Portrett av Otto Sinding på eit visittkort som høyrde til Bjørnstjerne Bjørnson. Foto: Franz Neumayer. Eigar: Nasjonalbiblioteket. Kjelde: Nasjonalbiblioteket, flickr.com. Ingen kjende restriksjonar.
X
Innhald

Otto Sinding

Otto Ludvig Sinding, norsk jurist som vart biletkunstnar, forfattar og teatermann. Seint i livet fekk han eit professorat ved Kunstakademiet i München.

Otto Sinding var fødd 20. desember 1842 på Kongsberg og døydde 22. november 1909 i München. Han vart cand.jur. ved Universitetet i Kristiania i 1864, der han arbeidde i Indredepartementet i tre år før han tok kunstutdanning. Han var elev ved J.F. Eckersbergs malerskole i 1868–69, studerte så ved Kunstakademiet i Karlsruhe i 1869–73 under Hans Gude og ved Kunstakademiet i München i 1873–76. Han var medlem av Nasjonalgalleriets direksjon i 1895–99. Sinding var samstundes kunstnarisk leiar ved Christiania Theater i 1896–99. Frå 1904 var han professor ved Kunstakademiet i München.

Den første kollektivutstilling han var med på, var den skandinaviske utstillinga i Gőteborg i 1869, og den første separatutstillinga heldt han i Blomqvists kunsthandel i Kristiania i 1895. Sinding høyrde heime i ein seinromantisk tradisjon, men med realistiske marine- og landskapsmåleri, der motiva var henta frå nordnorsk kystkultur og sublim arktisk natur, vart han ein nyskapande kunstnar. Eit hovudverk er «Fra Reine i Lofoten» (1883). Han var òg inspirert av sagadikting og mytologi. Sinding illustrerte blad og bøker mellom anna av Fridtjof Nansen, Nordahl Rolfsen og Asbjørnsen og Moe.

«Fra Reine i Lofoten», oljemåleri av Otto Sinding (1883). Foto: Nasjonalmuseet / Jacques Lathion. Kjelde: nasjonalmuseet.no. Inventarnr.: NG.M.00318. CC BY-NC 4.0

«Fra Reine i Lofoten», oljemåleri av Otto Sinding (1883). Foto: Nasjonalmuseet / Jacques Lathion. Kjelde: nasjonalmuseet.no. Inventarnr.: NG.M.00318. CC BY-NC 4.0

I 1862 debuterte Sinding med ei svermerisk og romantisk diktsamling, Skovstjerner. Deretter følgde artiklar, fleire dikt, ein roman og fire skodespel. Den folkelege komedien Han Hans Benjamin og hans sysken (1898) handlar om forviklingar i ein familie frå Skomvær som trur seg vere utan arvingar. Stykket freista han å skrive på dialekt. Det vart ei kort tid oppført på Christiania Theater. Han nytta elles mest riksmål, nokre gonger med brokkar av tysk.

Forfattarskapen vart ikkje stor. Då Vers kom ut i 1894, etter eit vinteropphald i Lofoten, skreiv han til Bjørnstjerne Bjørnson at samlinga hadde vorte til fordi han ønskte å uttrykkje med ord det han ikkje nådde med pensel. Dei nyromantiske dikta, fleire utan fast rim-mønster, tematiserer diktar-eget sitt møte med mektig, vill natur – havet, døden og kjærleiken.

Nokre av arbeida til Sinding har sterke religiøse undertonar. Det siste arbeidet hans, romanen Major Glad (1908), tematiserer den vanskelege kunstnarrolla, der ei tragisk endelykt, sjølvmordet, vert løysinga for den som vil gå nye vegar og vert underkjend og misoppfatta.

Sinding var med på å grunnleggje Kobberstikk- og håndtegningssamlingen i Kristiania i 1877 og var engasjert i kunstpolitiske spørsmål. Han var representert ved utstillingar i Noreg og utlandet, og han var ansvarleg for den norske kunstavdelinga på verdsutstillinga i Chicago i 1893. Han fekk fleire prisar og vart kjøpt inn av museum i Skandinavia, München og Venezia. Historiemåleriet «Slaget ved Svolder» (1883–84) er i Det kongelege slott sitt eige. Sinding vart riddar av 1. klasse av St. Olavs orden i 1891 og æresmedlem av Kunstakademiet i München i 1895.

 

Kjelder

Marit Lange og Knut Ljøgodt (red.): Svermeri og virkelighet. München i norsk maleri, katalog, Nasjonalgalleriet. Oslo 2002

Otto Sinding: «En selvbiografi» (1879), Kunst og kultur 1935

Tone Sinding Steinsvik (red.): Kunstnerbrødrene, katalog, Blaafarveværket 2000

Anne Aaserud (red.): Nordnorske bilder og bildet av Nord-Norge, katalog. Tromsø 2002

 

Peikarar

Kunst av Otto Sinding, ovaering.no

Kunst av Otto Sinding, nasjonalmuseeet.no

Digitaliserte bøker av Otto Sinding på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 26.02.2020
Sist oppdatert: 27.02.2020