Hopp til innhold
X
Innhald

Rolv Einar Rasmussen Ryssdal

Rolv Einar Rasmussen Ryssdal, 1914–98, var jurist. Han var høgsterettsdommar frå 1964 og høgsterettsjustitiarius i åra 1969–84. Vidare hadde han ei rekkje offentlege og andre verv. Mellom anna var han visepresident for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg frå 1981, og president frå 1985.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012