Faktaboks

Ronald Dworkin

Ronald Myles Dworkin

Fødd
11. desember 1931, Worcester, Massachusetts, USA
Død
14. februar 2013, London, Storbritannia

Ronald Dworkin var en amerikansk jurist og filosof som meinte at retten er gjennomsyra av verdiar.

Dworkin studerte jus ved Oxford og Harvard og arbeidde som jurist i New York frå 1957. Frå 1962 til han døydde var han professor ved Yale University, University of Oxford og New York University. Utanfor akademia var Dworkin ein aktiv samfunnsdebattant og bidrog flittig i amerikanske og britiske tidsskrift.

I rettsfilosofien argumenterer Dworkin for at moralske og politiske prinsipp spelar ei grunnleggjande rolle i retten. Han kritiserer difor rettspositivismen, som går ut frå eit skarpt skilje mellom rett og moral. Rettstolkinga må ifølgje Dworkin ta opp i seg spørsmålet om kva som er eit rettferdig samfunn.

Eit rettferdig samfunn må, ifølgje Dworkins politiske filosofi, møte alle borgarar med lik omtanke og lik respekt. Ut frå desse grunnprinsippa forsvarer han ein omfordelande velferdsstat, kombinert med sterke individuelle rettar til mellom anna ytringsfridom, abort og aktiv dødshjelp. Slik er han med og definerer ein venstretradisjon innanfor moderne liberalisme.

Eit sentralt tema for Dworkin er at vi ved hjelp av filosofi kan finne gyldige svar på kompliserte spørsmål innanfor jus, politikk og etikk. Han avviser at det finst uløyselege konfliktar mellom ulike verdiar. I seinare verk forsvarer Dworkin dette synet mot filosofisk skeptisisme og prøver å veve saman fridom, likskap, sanning og rett i ein større heilskap.

Dworkin fekk Holbergprisen i 2007 og Balzan-prisen i 2012.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ronald Dworkin: Taking Rights Seriously. Harvard 1978
  • Ronald Dworkin: Law’s Empire. Harvard 1986
  • Ronald Dworkin: Sovereign Virtue. Harvard 2000
  • Ronald Dworkin: Justice for Hedgehogs. Harvard 2011
  • Godfrey Hodgson: «Ronald Dworkin obituary». The Guardian, 14.2.2013
  • Stephen Guest: Ronald Dworkin. Edinburgh 1992
  • Arthur Ripstein (red.): Ronald Dworkin. Cambridge 2007
  • Kjetil Skjerve: «Ronald Dworkin – rett og rettferdighet» i Jørgen Pedersen (red.): Moderne politisk teori. Pax 2010

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg