Hopp til innhold
X
Innhald

Toril Øie

Toril Marie Øie, jurist og høgsterettsdomar som i 2016 blei utnemnd til høgsterettsjustitiarius i Noreg. Øie er den første kvinna som har dette embetet, og ho er rangert som den fjerde mektigaste personen i Noreg – etter kongen, stortingspresidenten og statsministeren.

Toril Øie er fødd 17. juli 1960 i Oslo. Ho tok vidaregåande skule i 1976–79 og juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1986, der ho skreiv særavhandling om skattelegging av ugifte sambuarar samanlikna med ektepar.

Øie arbeidde som førstekonsulent i lovavdelinga i Justisdepartementet i 1986–88, som lovrådgivar i 1990–2000 og som avdelingsdirektør i 2000–04 ved lovavdelinga i Justisdepartementet. 1988–90 arbeidde ho ved Strømmen sorenskrivarembete. Øie underviste i tillegg som førstelektor II ved det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo i 1994–2002, ho var domar i Høgsterett i 2004–16 og tok til i stillinga som høgsterettsjustitiarius i mars 2016.

Høgsterett er den øvste domstolen i Noreg og har til saman 20 domarar. Toril Øie leier domstolen fagleg og administrativt, er med og behandlar saker på same måten som dei andre domarane og representerer Høgsterett i det offentlege rommet.

Øie har skrive artiklar og lærebøker og har halde foredrag og førelesingar. I 1985 kom Beskatning av samboere. En sammenligning med reglene om beskatning av ektefeller. I 1997 gav ho ut Forbrytelse og straff. Lærebok i strafferett, saman med Svein Slettan, og i 2001 gav ho ut Forbrytelse og straff. Bind 1: Innføring i strafferett, også den saman med Svein Slettan. I bøkene Tvisteloven. Kommentarutgave bind I og II (2013) var ho medforfattar mellom anna saman med tidlegare høgsterettsjustitiarius Tore Schei.

Kjelder

Pressemelding frå regjeringa: «Toril Marie Øie utnevnt til høyesterettsjustitiarius», regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/toril-marie-oie-utnevnt-til-hoyesterettsjustitiarius/id2476504/ [lesedato 8.3.2016]

Pressemelding frå regjeringa: «Ny dommer i Høyesterett», regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny_dommer_i_hoyesterett/id252506/ [lesedato 8.3.2016]

Peikarar

Nina Schmidt og Henrik Skjevestad: «Toril Øie ny justitiarius», advokatbladet.no

Andreas Slettholm: «Toril Øie ny leder for Høyesterett», aftenposten.no

Først publisert: 10.03.2017
Sist oppdatert: 10.03.2017