Hopp til innhold
X
Innhald

Aktløyse

Aktløyse, juridisk omgrep for uvarsemd, feil eller forsøming. Ein skil mellom simpel og grov aktløyse. Simpel aktløyse er som regel nok som ansvarsgrunnlag, på den måten at den skuldige må dekkje det fulle og heile økonomiske tapet som aktløysa har ført til. Lovgivinga knyter i nokre tilfelle særlege verknader til grov aktløyse. Som alminneleg hovudregel gjeld det at berre forsettlege lovbrot kan bli straffa, men lovgivinga gir ei rekkje døme på at aktløyse er nok.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012