Hopp til innhold
X
Innhald

Allmennprevensjon

Allmennprevensjon, juridisk omgrep som blir brukt for å grunngje straff. Når ein snakkar om at ei straff har ein allmennpreventiv funksjon, meiner ein at ho skal få folk til å unngå å gjere straffbare handlingar. Straffa kan ha ein reint avskrekkande verknad, verke moraldannande (dvs. haldningsskapande) eller verke vanedannande.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012