Hopp til innhold
X
Innhald

Attest

Attest, skriftleg vitnesbyrd eller bevis. Ein person som sluttar i eit arbeid etter å ha sagt opp på lovleg måte, har etter arbeidsmiljølova rett til å få ein skriftleg attest frå arbeidsgivaren. Attesten skal innehalde namn, fødselsdag og -år på arbeidstakaren, kva for arbeid vedkomande har gjort, når arbeidstakaren byrja i stillinga og når arbeidsforholdet vart avslutta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012