Hopp til innhold
X
Innhald

Brukthandel

Brukthandel, handel med brukte og kasserte ting. Etter lov om brukthandel av 1999 krevst det løyve frå politiet til å drive slik handel, altså mellom anna handel med brukte kunstgjenstandar og antikvitetar. Føremålet er å førebyggje omsetnad av ting som er stolne eller skaffa på anna ulovleg vis, og å lette politiet sitt arbeid med å spore opp slike gjenstandar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012