Hopp til innhold
X
Innhald

Ferielova

Ferielova, lov som sikrar at arbeidstakarar får ferie og feriepengar.

Ferielova, lov av 29. april 1988, inneheld reglar om ferie og feriepengar. Etter ferielova har arbeidstakaren krav på 25 yrkedagar ferie i ferieåret, og arbeidstakarar over 60 år har seks ekstra yrkedagar ferie.

Den såkalla hovudferien (18 yrkedagar) kan ein krevje å få ta ut i tida 1. juni–30.oktober. Lova inneheld særreglar om ferieavvikling i samband med oppseiing, sjukdom, permisjon, arbeidskamp og meir.

Lova har også reglar om utrekning og utbetaling av feriepengar.

Ferielova frå 1988 medførte ei endring i forhold til tidlegare lovverk, på den måten at ferieåret sidan då har følgt kalenderåret.

Peikarar

Lov om ferie (ferielova)

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 10.07.2018