Hopp til innhold
X
Innhald

Fingeravtrykk

Fingeravtrykk, avtrykk av linjenettet på innsida av fingrane. Linjene, som aldri er heilt like hos ulike individ, held seg uforandra heile livet. Fingeravtrykk er difor ein sikker måte å identifisere personar på, og dei blir brukte innanfor kriminalteknikken. Metoden (daktyloskopi) vart teken i bruk i Noreg i 1906.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012