Hopp til innhold
X
Innhald

Forlovar

Forlovar, person som kvar av dei blivande ektemakane må stille med for å kunne inngå ekteskap. Forlovaren skal på ære og samvit erklære at ho/han nøye kjenner vedkommande og opplyse om han/ho tidlegare har inngått ekteskap eller er i slekt eller svigerfamilie med den andre parten.
Forlovar kan elles tyde kausjonist, ein person som har stilt forløfte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012