Hopp til innhold
X
Innhald

Innfødsrett

Innfødsrett, juridisk prinsipp som vart innført i dansk-norsk lovgiving i 1776 som ein reaksjon mot den dominerande stillinga dei mange tyskfødde mennene hadde i administrasjonen.
Ifølgje Grunnlova skal embete i Noreg som hovudregel vere reserverte til personar som er fødde i riket av foreldre som då var undersåttar av staten, eller som er fødde i framande land av norske foreldre som på den tida ikkje var undersåttar av ein annan stat, eller som blir naturaliserte av Stortinget. Sjå elles omgrepet naturalisering.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012