Hopp til innhold
X
Innhald

Interkommunalt selskap

Interkommunalt selskap (IKS), eit selskap der alle deltakarane er kommunar, fylkeskommunar eller interkommunale selskap, etter ei lov frå 1999. Selskapet kan vere oppretta for å ta seg av til dømes renovasjon eller andre oppgåver som går på tvers av kommunegrensene i eit område. Deltakarane heftar for ein viss prosent- eller brøkdel av gjelda i selskapet, etter ein fordelingsnøkkel som er fastsett i selskapsavtalen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012