Hopp til innhold
X
Innhald

Lausgjengeri

Lausgjengeri, juridisk omgrep for at ein arbeidsfør person er utan arbeid og bustad. Lovregelen om at «løsgjengere» og «drikkfeldige» kunne bli dømde til opphald på kurstad og tvangsarbeidshus vart oppheva i 1970. Det same gjeld regelen om at det var straffbart å vise seg rusa på offentleg stad, men rusa personar kan framleis bli pågripne og haldne i arrest til dei har vorte edru.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012