Hopp til innhold
X
Innhald

Legalitetsprinsippet

Legalitetsprinsippet, juridisk omgrep for kravet om at offentlege styresmakter må ha heimel i lov for å kunne gripe inn i handlefridomen og eigedomsretten til borgarane.
I Noreg finn ein dette heimla for strafferetten i Grunnlova § 96, der det heiter at ingen kan bli dømd (til straff) «uden efter Lov». Når det gjeld anna utøving av avgjerdsmakt, utgjer prinsippet ein sikker ulovfesta forfatningsrettsleg regel.
Legalitetsprinsippet kan også vise til prinsippet om at ein alltid skal reise påtale når det er gjort ei straffbar handling. I norsk rett gjeld ikkje legalitetsprinsippet i denne tydinga, men derimot det såkalla opportunitetsprinsippet, som er heimla i straffeprosesslova av 1981. Dette gir påtalemakta tilgang til å vedta at ei straffesak skal bli avgjord ved påtaleunnlating, sjølv om ein meiner å ha bevist straffeskuld.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012