Innhald
Legitim
Legitim (av latin lex, ’lov’), omgrep for at noko stemmer med gjeldande lov, altså at det er lovleg og rettmessig. Til dømes kan det bli brukt om utøving av offentleg avgjerdsmakt. Tidlegare var det også brukt om ektefødde barn, i motsetnad til barn som var fødde utanfor ekteskap («illegitime» eller «uekte» barn). Tilsvarande er ei legitim tronfølgje ei tronfølgje som er bygd på eit rettmessig arvekrav.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012