Hopp til innhold
X
Innhald

Lynsjing

Lynsjing (av engelsk lynch law), ulovleg handheving av rett, såkalla sjølvtekt. Oftast viser ordet til ei avretting ved henging som er gjort av ein folkemasse.
Opphavet til ordet er usikkert, men ofte blir det ført tilbake til den amerikanske domaren Charles Lynch (1736–96), som var kjend for å gi strenge straffer til personar som var lojale mot britane under sjølvstendekrigen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012