Hopp til innhold
X
Innhald

Pretor

Pretor (av latin praetor), nemning som var i bruk i Roma i oldtida om den høgste – og seinare den nest høgste – juridiske embetsmannen. Vedkomande var i første rekkje domar i sivile tvistar. Når pretoren tiltredde, sende han ut eit edikt der han gjorde greie for dei rettslege reglane og prinsippa han ville følgje. Desse edikta vart viktige for utviklinga av romersk rett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012