Hopp til innhold
X
Innhald

Prokura

Prokura, fullmakt til å opptre på vegne av eit føretak i alt som høyrer til drifta av dette, innanfor grenser som er gjevne i lov av 1985.
Prokura blir registrert saman med føretaket i Føretaksregisteret. Prokuristen kan ikkje overføre prokuraen til andre, og sistnemnde kan når som helst bli kalla tilbake. Når prokuristen underteiknar for firmaet, skal han føye til ein tekst som viser prokuraforholdet («pr. prokura», «p.p.» e.l.).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.04.2012
Sist oppdatert: 13.04.2012