Hopp til innhold
X
Innhald

Promillekøyring

Promillekøyring, føring av motorvogn under påverknad av alkohol eller anna rusande eller bedøvande middel (medikament, narkotika m.m.). Etter vegtrafikklova av 1965 blir ein person alltid rekna for påverka når han/ho under køyringa har ei alkoholmengd i kroppen som på eitt eller anna tidspunkt kan gje ein alkoholkonsentrasjon i blodet på over 0,2 promille.
Promillegrensa vart senka frå 0,5 til 0,2 med verknad frå 2001.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012