Hopp til innhold
X
Innhald

Referatforbod

Referatforbod, juridisk omgrep for at ein ikkje kan referere frå eit rettsmøte.
Hovudregelen er at ein kan referere, men dersom møtet blir halde for lukka dører og retten finn at forhandlingane, eller ein del av dei, av særlege grunnar bør bli haldne hemmelege, kan han ved orskurd gi pålegg om det. I saker etter ekteskapslova, barnelova og mellom ektefellar eller fråskilde om fordeling eller tildeling av formue gjeld det referatforbod uansett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012