Hopp til innhold
X
Innhald

Rettarbot

Rettarbot (av norrønt), særlover i gammal norsk rett som var gjevne av kongen, særleg slike som gjorde endringar eller utbetringar i gjeldande rett, ofte med grunngjeving for endringa. Dei kunne også dreie seg om dispensasjonar, privilegium og liknande.
I moderne nynorsk lovspråk blir ordet også brukt i uttrykket mellombels rettarbot (bokmål ’provisorisk anordning’).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012