Hopp til innhold
X
Innhald

Rettshjelp

Rettshjelp, støtte i juridiske spørsmål i eller utanfor rettargang. Den som vil drive verksemd innan rettshjelp som yrke eller stadig utanom yrke, må som hovudregel ha advokatløyve. Unntak i visse saker er til dømes lensmenn, personar med løyve til å drive inkasso- eller auksjonsverksemd og revisorar.
Ein person som har juridisk eksamen av høgare grad, men som ikkje er advokat, kan også yte rettshjelp. Det er som hovudregel berre advokatar som kan representere klientar i domstolane. I straffesaker har den sikta rett til å få støtte av ein forsvarar på alle trinna i saka, og for ein stor del er det staten som legg ut for dette.
Sjå elles omgrepet fri rettshjelp.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012