Hopp til innhold
X
Innhald

Rettsvitskap

Rettsvitskap (latin jurisprudentia), vitskapen om rettsreglane. Den primære oppgåva til rettsvitskapen er å klarleggje kva som er gjeldande rett, altså å skildre, fortolke og systematisere dei skrivne og uskrivne rettsreglane som gjeld. Dette aspektet er rettsvitskapen i ein snever forstand, og det blir kalla rettsdogmatikk. Det er i tillegg ei naturleg oppgåve for rettsvitskapen å søkje å bidra til auka innsikt i spørsmålet om kva for reglar som bør gjelde. Dette blir kalla rettspolitikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012