Hopp til innhold
X
Innhald

Sedvanerett

Sedvanerett, rettsreglar som oppstår med utgangspunkt i ein sedvane for kva som er rett oppførsel, eller kva for rettar og plikter ein har i ein viss samanheng. 

For å konstatere sedvanerett krevst det normalt at det har vorte ført ein einsarta praksis over lengre tid, og partane på dette feltet i rettslivet må ha sett det som ei rettsleg plikt å følgje denne praksisen. Det motsette er «fastsett» eller «skriven» rett, som bygger på vedtak av offentleg styresmakt med kompetanse til å endre rettstilstanden, altså ein «lovgivar».

Sedvanerett er den eldste og opphavlege forma for danning av rettsreglar, og spelar i Noreg framleis ei viktig rolle, særleg innanfor erstatningsretten, delar av kontraktretten og i stats- og forvaltningsretten. Også folkeretten er i høg grad sedvanerettsleg fundert.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 29.07.2019