Hopp til innhold
X
Innhald

Segl

Segl (av latin sigillum, ’lite teikn’), avtrykk av eit stempel i eit passande stoff som er festa til eit dokument, ei krukke eller liknande for å stadfeste kven som er opphavsmann eller eigar. Segl var i bruk allereie hos sumerarane.
I europeisk mellomalder vart seglet det einaste som beviste at eit dokument var ekte, og det å forvalte eit offentleg segl vart eit viktig embete.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012