Hopp til innhold
X
Innhald

Servitutt

Servitutt, særskild råderett over den faste eigedomen til ein annan, til dømes vegrett og fiskerett, som er positive servitutt, eller forbod mot konkurrerande butikkverksemd og forbod mot å føre opp bygning over ei viss høgd, som er negative servitutt. Ein kan få dei ved avtale (som må bli tinglyst for å få rettsvern mot utanforståande) eller ved hevd, jf. lov um særlege råderettar over framand eigedom av 1968.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012