Hopp til innhold
X
Innhald

Sikring

Sikring, reaksjon som tidlegare vart brukt mot visse lovbrytarar for å verne samfunnet mot nye lovbrot. Vilkåret for å kunne bruke sikring var mellom anna at vedkomande hadde gjort ei elles straffbar handling i medvitsløyse eller under sinnssjukdom, eller at personen hadde mangelfullt utvikla eller varig svekte sjelsevner. Vidare måtte det vere fare for at denne tilstanden kunne føre til nye lovbrot.
I 2002 vart sikring erstatta med den strafferettslege reaksjonen forvaring.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012