Hopp til innhold
X
Innhald

Sinnssjuk

sinnssjuk, eldre omgrep for alvorleg sinnsliding som framleis er delvis i bruk i jusen. Lov om psykisk helsevern av 1999 brukar ikkje nemninga «sinnssjuk», men derimot «alvorlig sinnslidelse».
Straffelova av 1902 brukar framleis omgrepet, og personar som har ei slik liding, kan ikkje bli straffa.
Når det blir sett på som nødvendig for å verne samfunnet, kan ein lovbrytar som er straffri på grunn av sinnssjukdom, bli overført til tvunge psykisk helsevern.
Vilkåra er mellom anna at lovbrytaren har gjort eit alvorleg valdsbrotsverk, seksualbrotsverk eller eit anna alvorleg brotsverk som har krenkt liv, helse eller fridom for andre. I tillegg må det vere ei nærliggjande fare for at lovbrytaren på nytt vil gjere eit alvorleg brotsverk som krenkjer eller set liv, helse eller fridom for andre i fare.
Sjå elles omgrepet psykisk helsevern.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012