Hopp til innhold
X
Innhald

Sosial dumping

Sosial dumping, nemning som blir brukt om det at norske arbeidsgivarar eller utanlandske arbeidsgivarar i Noreg nyttar utanlandske arbeidstakarar på dårlegare arbeidsvilkår enn norske arbeidstakarar, slik at dei norske arbeidstakarane blir utkonkurrerte på visse typar arbeid. Eit tiltak mot ei slik utvikling har vore å innføre lovreglar som medfører at ein tariffavtale kan bli gjord gjeldande for alle arbeidstakarar som utfører arbeid av den typen avtalen omfattar (såkalla allmenngjering av tariffavtalar).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012