Hopp til innhold
X
Innhald

Svik

Svik, juridisk omgrep for ureieleg teiing om opplysningar eller medviten feilinformasjon for å oppnå fordelar, anten frå det offentlege (t.d. trygdemisbruk), i forsikringsforhold eller i samband med at det blir inngått avtale. Avtalar som har vorte til ved svik vil ikkje forplikte den som blir ramma.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012