Hopp til innhold
X
Innhald

Tolking i jus

Tolking i jus, den prosessen som fører fram til at det rettsleg relevante innhaldet i ei utsegn som tek sikte på å skape rettar eller plikter, blir fastsett. Prinsippa for tolking varierer utifrå kva for type utsegner ein skal tolke.
Lover og forskrifter blir tolka utifrå eit eige sett med tolkingsprinsipp. Ordlyden i dei kan bli supplert eller modifisert på bakgrunn av forarbeid, domstolspraksis, forvaltningspraksis, publikumssedvanar, rettsoppfatningar og oppfatningar av kva som er ein fornuftig eller rettferdig rettsregel, såkalla «reelle omsyn». I nokre tilfelle vil det berre vere spørsmål om presiserande tolkingar, dvs. val av eitt av fleire tolkingsalternativ som alle ligg klart innanfor den mest nærliggjande forståinga av ordlyden i lovregelen, medan det i andre tilfelle vil vere snakk om innskrenkande eller utvidande tolkingar i forhold ordlyden isolert sett.
Ved avtalar er utgangspunktet den felles forståinga til partane. Elles fell ein normalt tilbake på den mest naturlege forståinga utifrå orda som er brukte, samanhengen dei opptrer i og forholda elles då avtalen vart inngått.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012