Hopp til innhold
X
Innhald

Tre i kraft

Tre i kraft, omgrep for at noko blir gyldig, ofte i juridisk forstand. I norsk rett er det slik at ei lov som ikkje inneheld eigne reglar om dette, trer i kraft éin månad etter at ho er kunngjord i Norsk Lovtidend. Som regel inneheld nye lover ein regel om at dei trer i kraft anten straks, frå eit visst tidspunkt eller frå den tida Kongen i statsråd avgjer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012